Om oss

File:PanoramaSkodjebroene.jpg

PRAKTISK INFORMASJON

Konsultasjon
Vanleg tid for ein konsultasjon hos fastlege er 15-20 min for ein konsultasjon hos fastlege. Dette er til vanleg nok tid for ulike helseplager i allmennpraksis. Ofte kan ein ha fleire tema ein ønsker å ta opp samtidig. Dette går stort sett fint så lenge det dreier seg om ei hovedproblemstilling. Eit par andre enkle ting som vert utført er t.d. fornyelse av resepter eller urinprøvekontroll.

Som pasient er det lurt å være forberedt på kva problems du ønsker å ta opp og kommunisere desse tydeleg i starten av konsultasjonen slik at legen kan hjelpe deg og prioritere det viktigaste.

Øyeblikkelig-hjelp-konsultasjoner varer gjerne kortare (10-15 min). Slike avtaler kan du ofte få samme dag som du ringer dersom det dreier seg om eit akutt medisinsk problem. I ein slik konsultasjon tar vi oss kun av den akutte lidelsen. Andre problem må dessverre utsettast til ein vanleg konsultasjon.

 

Resepter
Pasientar som bruker reseptbelagte medisiner fast, bør be om å få fornya reseptene når dei er til konsultasjon. Faste medisiner som du tidlegare har fått skrive ut av ein av våre legar,  kan også fornyast pr. telefon eller e-portal minst 24 timer før avtalt henting.

Antibiotika vert kunn skrive ut etter konsultasjon hos lege.

 

Sjukeldning
Alle som treng sjukmeldning må vurderast av ein lege etter krav fra Lov om folketrygd. Pasientar pasienter som treng sjukmeldning, må kontakte legen straks behovet oppstår (det blir da lagt eit notat om dette i journalen din). Legene har ikkje høve til å tilbakedatere sjukmeldning til før denne datoen.

Sjukmeldning pr telefon skal normalt følgast opp av legeundersøking få dager etter.

Sjukmelding er no som hovedregel tilgjengeleg i elektronisk form for deg som pasient.

 

Ny hos oss?
Har du nett bytta til ein av legane våre, er det viktig at du sørger for at journalen fra din forrige fastlege vert sendt til oss før du kjem til konsultasjon. Dette er spesielt viktig dersom  du treng legeattest eller henvisning for ein sjukdom som vart  utreda og behandla av din tidlegare lege.

Vi gjer merksam på at journalen din ikkje automatisk følgjer deg kvar gong du byter lege.

 

Betaling
Konsultasjon
Betaling etter konsultasjon gjer du i betalingsautomaten. Vi tar i utgangspunktet kun imot betaling med kort. Dersom du må eller likevel vil betale kontant, kan vi ordne det. Det er då fint om du har nøyaktig beløp.

Økonomiske problemer
Har du problem med å betale for konsultasjonene dine? Ta det opp med legen din FØR regninga forfaller.

Skyldig beløp
Pasienter som har mer enn 500 kr i ubetalte rekningar (uten å ha ein avtale med sin lege) kan ikkje lenger bestille ein vanleg legetime og vil berre få hjelp ved akutte lidingar.

Adresseendring
Ved flytting har pasient sjølv plikt til å melde  adresseendring til Skodje helsesenter